mandag 5. september 2011

Blender, dybdeskarpheit og lukkartid

 Det er mange innstillingar på eitt kamera, og alt sammen kan ofte virke forvirande og vanskelig. Men viss du setter deg inn i det og brukar litt tid på det, så er det kanskje ikkje så komplisert som ein først hadde trudd.
  
 Blenderen styrer kor mykje lys som skal slippe inn i objektivet. Det er ein åpning, og jo større åpningen er, jo meir lys slepp inn, og lysare vert bilete. Noko som kan vere litt forvirrande er at tallet/verdien av stor åpning er liten, mens for liten åpning er tallet stort. Viss du har liten blender vil dybdeskarpheten vere liten. Det vil seie at det som er nermare eller lengre vekke enn fokuspunktet vil vere uklart. Liten blender blir ofte brukt ved bla. portrett fotografi og makro fotografi. Viss du har stor blender vil det vere motsatt. Då vil det som er nermare eller lengre vekke enn fokuspunktet vil vere meir klart og skarp. Stor blender vert ofte brukt i landskapsfotografi.

f16  -  lite hull  -  lite lys slepp inn  -  stor dybdeskarpheit
f2,8  -  stort hull  -  masse lys slepp inn  -  liten dybdeskarpheit

 Lukkeren  er ei "luke" som åpnar og lukkar seg. Lukkartiden er kor lenge denne "luka" skal vere åpen. Viss lukkaren er åpen lenge, kjem det masse lys inn, viss den er åpen kort, kjem det mindre lys inn. Viss det er mørkt, og ein må ha lav lukkertid er det ofte greit å ha eitt stativ så ikkje bilete vert uklart.

Stor lukkertid vert ofte brukt når ein skal få den "slørete" effekten på vatn. 
Kort lukkertid vert ofte brukt når ein tar sportsfotografi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar