tirsdag 12. juni 2012

Trykking

Radering på plexiglass, her prøver eg med to forskjellige farger, raud og blå.

Har radert på plexiglass, er klar til å trykke. 

Prøver meg med svart radering.


Sjablongtrykk!

Her har eg prøvd meg på monotypi.

Eit trykk eg har laga ved hjelp av radering av plexiglass.

Tre forskjellige trykk der eg har brukt radering og plexiglass.


onsdag 6. juni 2012

Mote - oppgåve 3

Ny utgåve av motebladet Shamapelle! I denne utgåva er deg Jon Vidar som er ukas gjest! 
Eg ville ta eit bilde av Jon Vidar der han viste hud og hår, og hadde på seg freshe kler. Eg fekk bildet eg ville ha, og lagde det om til eit magasin cover til Motebladet Shamapelle.

mandag 4. juni 2012

Mote - oppgåve 2

PASSION 4 FASHION!

Russe-Marita poser med bilen sin.
Jon Vidar med ein spenstig armstrekk mot venstre som viser at han har god erfaring i modellbransjen.

Oda

Jon Vidar
Indianer-Ingvild



Mote - oppgåve 1

Fotodokumentasjon av utprøving og eksperimentering med klede. Bilda viser den kreative prosessen til gruppa vår.

Først valgte me å kle oss opp i fargen blått. Det var det berre meg og Thea som gjorde. Marita fekk eit par fine bilder her.

Me spelte litt vidare på "ein-farge-ideen".Me kjørte rundt om i Eikelandsosen og tok bilder, fotoshooten endte opp med Ica'en. Her er russe-Marita med Rød bil, som blir tatt bilde av av Thea.

Her tvingar Sverre Thea til å ta på seg noko fancy. Sverre får ingen bra shots.

Sverre bestemmer seg for å ta bilde av den
superfotogene gutten Jon Vidar,
siden ingen på gruppa hans vil bli tatt bilde av.
Supermodellen Sverre kan ikkje berre ta bilder sjølv.



Ben Heine

Ben Heine, ein av mine store idol, blei født 12. Juni 1983, i Abidjan i Elfensbenskysten. I 1990 måtte familien flytte til Belgia. Ben elsker folk! Han påstår sjølv at han alltid har nokon spirituelle og filosofiske symbol i arbeidet sitt og han forteller i eit intervju at idéane kjem ein etter ein og berre poppar opp som popkorn. Dette kan me sjå igjen i bilda hans. 
Ben Heine er mest kjent for "Pencil vs. Camera"-samlingen sin. Her kombinerar han teikning og fotografi, og han får leike med virkeligheten på ein kreativ måte. Planen hans er at han skal lage 100 bilder i samlingen. I samlingen prøver han å uttrykke draumar og følelsar.


   
"Flesh and acryllic" er Ben Heines favoritt prosjekt, sjølv om kvart av prosjekta hans er heilt unikt. I dette prosjektet mixer han menneskelige modellar og abstrakt maling. Han synest det er ein fin måte å jobbe på og han seier at det er fint å kunne føle styrken deiras og følelsane. 



"Digital Circlism" er og ein av prosjekta til Ben Heine. Her lagar han bilder av ofte kjente folk ut av rundingar. 



 Ben Heine har ein imponerande utdanning, her har eg laga ein oversikt over utdanninga hans:

Eg tykjer alltid at det er kjekt å vete kva utstyr fotografar brukar. Her har eg laga ein oversikt over utstyret Ben Heine brukar:

mandag 20. februar 2012

Fotografi inspirert av fotografen Ben Heine



Det eg gjorde var å først teikne eit ansikt i ein størrelse som ville passe på Martin viss eg stod ein meter foran han og holdt armen med teikninga på strak arm framfor kameraet. Det var sol når eg tok bilde, noko som gjorde at bilde blei veldig fint. Fargane på bildet er mest blått og litt lilla skjær nokre plassar, og svart og kvitt. Bildet redigerte eg i lightroom noko som var eit egna program sidan eg tok bildet i RAW-fil. Eg endra litt på fargane, gjorde blåfargen litt blåare og dei andre fargane litt tammare. Der det kom sol på papiret måtte eg endre på eksponeringen. (Noko som går ann i lightroom viss du tar RAW-fil.) Eg endra litt på eksponeringen på det bestemte punktet,og vips, så var det lettare å sjå blyantstrekane i det teikna ansiktet. 

Reportasje, dokumentasjon og kunstfotografi

Reportasjefotografi
Eit reportasjefotografi blir som oftast brukt til å underbygge og er knytta til ein reportasje. Ein reportasje er ein sakprosatekst, og i ein reportasje blir ofte tørr utan fotografi. Det er lettare å fortelje med fotografi.  Fotografiet skal og vera interessant, slik at ein får lyst til å lesa det som står. Viss for eksempel nokon har skrevet om UKM i Os&Fusa-posten, så er det betre at dei viser bilde, enn at dei skriv: Sverre kom med eit fint bilde, eller skriver hundre ord som beskriver bilde. I reportasjefotografering, handlar det ofte om å ta eit bilde til rett tid. Difor må ein vere tolmodig. Eit reportasjefotografi er ofte meir kreativt enn eit dokumentasjonsfotografi.
Dette bilde er eit eksempel på eit reportasjefoto. Det er tatt av Einar Engelstad for ein reportasje på nettsidene til BT om bylarm. Han du ser på bildet er Kjetil Møster som framfører ein jazzsolo med saksofonen sin. Bilde har fine farger, og kontrast og er tatt litt på skrå for å få litt meir bevegelse i bildet.

Dette bilde er og eit reportasjefoto frå ein fotoreportasje frå nettavisa til BT. Det er tatt av Thomas Rasmus Skaug. På bildet ser du Spencer O'Brian som blei vinnar av kvinnenes finale i snowboard-VM 2012. Det er eit bra bilde, Spencer smilar og me ser at ho er glad for å bli verdensmeister. Thomas Rasmus Skaug har endra på fargane i bilde, og det har ein veldig fin tone. Det er lett å sjå at han har hatt stor blendaråpning /lavt blendartall når han har tatt bilde, noko som ser veldig bra ut. 

Dokumentasjonsfotografi
Dokumentasjonsfotografi sklir på ein måte litt inn i reportasjefotografi. Eit dokumentasjonsfotografi skal dokumentere noko som har skjedd. Eit døme på eit dokumentasjonsfotografi er eit bilde i for eksempel BT, der det er ein veg som har rasa ut oppe på Fløyen. I dokumentasjonsfotografi har ikkje fotografen tenkt så mykje på kreativitet.

Dette bildet er eit dokumentasjonsfoto tatt av Silje Gomnæs. Eg fann det i ein artikkel på BT.no om ein væpna aksjon i Bergen. Det me ser er politiet utanfor ein leiligheit der det var ein knivmann. På bildet ser det ut som dei har full kontroll. Bilde dokumenterer noko som har skjedd.

Dette bilde er eit dokumentasjonsfoto. Eg veit ikkje kven som tok det, men eg fann det  på BT.no. Bilde er ikkje så skarpt og klart, men det dokumenterar noko som har skjedd, altså ein trafikkulykke.


Kunstfotografi
Fotografi er noko som blir ofte brukt i kunsten. Kunstfotografi kan uttrykke, kunstfotografi kan reklamere osv. Wikipedia gjer følgjande skildring på kunstutrykk: ”Kunstuttrykket er alltid kulturelt bestemt av samfunnet og samtida rundt verket, kunstnaren og mottakaren, og av enkeltindividets personligheit og sanseopplevingar. Enkelte meinar at kunst ikke har verdi utover seg sjølv, andre meinar utføringa krevjar spesiell kunnskap og ønskje om å bruke denne og individuelt tilpasse den til ein situasjon og hensikt.”


Dette bilde er eit kunstfotografi tatt av Patrick Desmet, ein kunstfotograf frå Belgia. Det me ser er er ein mann med flosshatt som heldt ein ballonge framfor ansiktet. Rundt om i bilde er det fleire ballongar, i forskjellige fargar, som og har flosshatt. Heilt baki bildet ser me ein mann som ber mange slike ballongar. Fargane er kanskje litt dystre, det er i alle fall dystert vær den dagen. Bildet er unikt og kreativt. Eg trur at dette er ein montasje, der han har klippa og lima i photoshop. Eg trur ikkje at alt er oppstilt frå før. Eg likar dette bilde, det er eit morosamt bilde, og det er kjekt og behagelig å sjå på. 

Dette bilde er tatt av motefotografen Gyslain Yarhi. På bildet står det ei dame i nokre lilla indianarliknande klede, og med indianarmaling i andletet. Ho står på ei slette eller ei savanne, der det er nokre dyr i horisonten i bakgrunnen. Bilde har ein litt lilla tone, det er eit litt merkelig fotografi, men det ser heilt fantastisk ut. Dama og kleda hennar harmonerer med omgivnadene ho er i.
Her er mitt eige kunstfotografi. Det er eit motefotografi, som skal reklamere for rød hatt og blå skjorte. Han kjekke modellen er Martin.