mandag 20. februar 2012

Reportasje, dokumentasjon og kunstfotografi

Reportasjefotografi
Eit reportasjefotografi blir som oftast brukt til å underbygge og er knytta til ein reportasje. Ein reportasje er ein sakprosatekst, og i ein reportasje blir ofte tørr utan fotografi. Det er lettare å fortelje med fotografi.  Fotografiet skal og vera interessant, slik at ein får lyst til å lesa det som står. Viss for eksempel nokon har skrevet om UKM i Os&Fusa-posten, så er det betre at dei viser bilde, enn at dei skriv: Sverre kom med eit fint bilde, eller skriver hundre ord som beskriver bilde. I reportasjefotografering, handlar det ofte om å ta eit bilde til rett tid. Difor må ein vere tolmodig. Eit reportasjefotografi er ofte meir kreativt enn eit dokumentasjonsfotografi.
Dette bilde er eit eksempel på eit reportasjefoto. Det er tatt av Einar Engelstad for ein reportasje på nettsidene til BT om bylarm. Han du ser på bildet er Kjetil Møster som framfører ein jazzsolo med saksofonen sin. Bilde har fine farger, og kontrast og er tatt litt på skrå for å få litt meir bevegelse i bildet.

Dette bilde er og eit reportasjefoto frå ein fotoreportasje frå nettavisa til BT. Det er tatt av Thomas Rasmus Skaug. På bildet ser du Spencer O'Brian som blei vinnar av kvinnenes finale i snowboard-VM 2012. Det er eit bra bilde, Spencer smilar og me ser at ho er glad for å bli verdensmeister. Thomas Rasmus Skaug har endra på fargane i bilde, og det har ein veldig fin tone. Det er lett å sjå at han har hatt stor blendaråpning /lavt blendartall når han har tatt bilde, noko som ser veldig bra ut. 

Dokumentasjonsfotografi
Dokumentasjonsfotografi sklir på ein måte litt inn i reportasjefotografi. Eit dokumentasjonsfotografi skal dokumentere noko som har skjedd. Eit døme på eit dokumentasjonsfotografi er eit bilde i for eksempel BT, der det er ein veg som har rasa ut oppe på Fløyen. I dokumentasjonsfotografi har ikkje fotografen tenkt så mykje på kreativitet.

Dette bildet er eit dokumentasjonsfoto tatt av Silje Gomnæs. Eg fann det i ein artikkel på BT.no om ein væpna aksjon i Bergen. Det me ser er politiet utanfor ein leiligheit der det var ein knivmann. På bildet ser det ut som dei har full kontroll. Bilde dokumenterer noko som har skjedd.

Dette bilde er eit dokumentasjonsfoto. Eg veit ikkje kven som tok det, men eg fann det  på BT.no. Bilde er ikkje så skarpt og klart, men det dokumenterar noko som har skjedd, altså ein trafikkulykke.


Kunstfotografi
Fotografi er noko som blir ofte brukt i kunsten. Kunstfotografi kan uttrykke, kunstfotografi kan reklamere osv. Wikipedia gjer følgjande skildring på kunstutrykk: ”Kunstuttrykket er alltid kulturelt bestemt av samfunnet og samtida rundt verket, kunstnaren og mottakaren, og av enkeltindividets personligheit og sanseopplevingar. Enkelte meinar at kunst ikke har verdi utover seg sjølv, andre meinar utføringa krevjar spesiell kunnskap og ønskje om å bruke denne og individuelt tilpasse den til ein situasjon og hensikt.”


Dette bilde er eit kunstfotografi tatt av Patrick Desmet, ein kunstfotograf frå Belgia. Det me ser er er ein mann med flosshatt som heldt ein ballonge framfor ansiktet. Rundt om i bilde er det fleire ballongar, i forskjellige fargar, som og har flosshatt. Heilt baki bildet ser me ein mann som ber mange slike ballongar. Fargane er kanskje litt dystre, det er i alle fall dystert vær den dagen. Bildet er unikt og kreativt. Eg trur at dette er ein montasje, der han har klippa og lima i photoshop. Eg trur ikkje at alt er oppstilt frå før. Eg likar dette bilde, det er eit morosamt bilde, og det er kjekt og behagelig å sjå på. 

Dette bilde er tatt av motefotografen Gyslain Yarhi. På bildet står det ei dame i nokre lilla indianarliknande klede, og med indianarmaling i andletet. Ho står på ei slette eller ei savanne, der det er nokre dyr i horisonten i bakgrunnen. Bilde har ein litt lilla tone, det er eit litt merkelig fotografi, men det ser heilt fantastisk ut. Dama og kleda hennar harmonerer med omgivnadene ho er i.
Her er mitt eige kunstfotografi. Det er eit motefotografi, som skal reklamere for rød hatt og blå skjorte. Han kjekke modellen er Martin. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar