mandag 20. februar 2012

Fotografi inspirert av fotografen Ben Heine



Det eg gjorde var å først teikne eit ansikt i ein størrelse som ville passe på Martin viss eg stod ein meter foran han og holdt armen med teikninga på strak arm framfor kameraet. Det var sol når eg tok bilde, noko som gjorde at bilde blei veldig fint. Fargane på bildet er mest blått og litt lilla skjær nokre plassar, og svart og kvitt. Bildet redigerte eg i lightroom noko som var eit egna program sidan eg tok bildet i RAW-fil. Eg endra litt på fargane, gjorde blåfargen litt blåare og dei andre fargane litt tammare. Der det kom sol på papiret måtte eg endre på eksponeringen. (Noko som går ann i lightroom viss du tar RAW-fil.) Eg endra litt på eksponeringen på det bestemte punktet,og vips, så var det lettare å sjå blyantstrekane i det teikna ansiktet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar