tirsdag 4. oktober 2011

Eg er so grådig kry av min paraply

Me fekk ei oppgåve der temaet var paraply. Me skulle gå ut i grupper og ta bilder, og i kvart bilde skulle me det vere ein paraply med i bilde. Dette var ei spennande oppgåve, og eg var på gruppe med Solveig og Siv. Nedanfor kan du sjå resultata frå denne fotooppgåva. Det er først 2 bilete av kvar person i gruppa mi. Eg har og tatt med det orginale bilde får å vise kva eg har redigert.

 Dette er Siv oppå ein lastebil tilhengar. Til venstre ser du orginalen, og til høgre det ferdige bilde. Bilde er tatt med ISO 200, 1/500 lukkertid, f/5,6 blender og zoom på 55 mm. Det einaste eg har gjort i etterredigerina er å gjere det kvite enda kvitere og det grønne meir grønt og mindre gult.

Dette er Siv i skogen. Bildet til høgre er det orginale bilde, bilde til venstre er det redigerte bilde. Bilde er tatt med ISO 200, 1/60 lukkertid, f/4,5 blender og zoom på 18 mm. I redigeringa her har eg gjort det samme som med det forgje bilde, eg har gjort det kvite enda kvitere og det grønne meir grønt og mindre gult.

Dette er Solveig. Bilde er tatt i froskeperspektiv. Bildet til høgre er det orginale bilde, bilde til venstre er det redigerte bilde. Bilde er tatt med ISO 400, 1/500 lukkertid, f/5,6 blender og zoom på 55 mm. Grunnen til at eg tok bilde med ISO 400 er at eg gløymde å stille ISO'en etter å ha komt ut av skogen. Det eg har gjort her er å gjere det svarte enda svartere, eg har stilt kvitbalansen litt varmare slik at ho skal få ein litt finare farge. Eg har og lagt eit litt transparent lag med blåfarge oppå jakka hennas, og eg har gjort den nedre delen av bilde litt meir uklar.

Dette er og Solveig. Her har vinden vrengt paraplyen hennar, noko som me tykte var litt morsomt. Bildet til høgre er det orginale bilde, bilde til venstre er det redigerte bilde. Bilde er tatt med ISO 400, 1/500 lukkertid, f/5,6 blender og zoom på 55 mm.  Her har eg tatt eksponeringen litt lavare, og eg har tatt på litt "fill-light". Eg har gjort det svarte enda svartere, satt på litt meir kontrast, og gjort bilde meir klart. Når det kjem til fargane har eg gjort bilde litt kaldare, eg har skrudd opp "Vibrance" og skrudd ned "Saturation".

Paraply galskapen fortsetter...

1 kommentar:

  1. det er ikke tvil om at du er flink med kamera:D veldig bra bilder alle sammen egentlig. men favoritten er det med den oransje paraplyen og siv på toppen av grusen:D

    SvarSlett