mandag 9. januar 2012

Appropriasjon 1


Heisann. I dag har eg prøvd å laga eit bilete som liknar den silketrykket av Marylin Monroe som er laga av den amerikanske kunstnaren Andy Warhol. Det eg har gjort var å ta eit bilete der eg såg litt Marylin Monroe ut i trynet, og deretter ta bilde inn i photoshop. I photoshop har eg  brukt funksjonen "treshold". Som gjer at det berre blir svart og kvit. Deretter har eg gjort det kvite gjennomsiktig, slik at eg berre kunne legge nye lag bak det laget, og teikne på fargane. For kvar farge hadde eg eit nytt layer, slik at eg kunne endre "hue", "Saturation" og lysheit og mørkheit. Dette var ein veldig fin og effektiv måte å lage Andy Warhol bilde på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar